Det kommunale næringsfondet skal lysast ut den 1. mars kvart år. Eid kommune sin Utviklingsplan legg føringar for tildeling av midlar saman med dei fylkeskommunale retningslinjene for fondet. Der er utarbeidd eige søknadsskjema, sjå vedlegg. Eid kommune leiger saksbehandlingskompetanse og rettliing til søkjarar med Nordfjordeid Næringshage. Ta kontakt med Arild Hjelmeland på tlf. 57864822 eller arild.hjelmeland@nykunnskap.no.
Det har dei 2 siste åra vore tildelt midlar til kommunane til eit næringsfond for ungdom. Denne ordninga er no avvikla, men der er igjen noko midlar som kan søkjast på også i år. Sjå vedlagde retningslinjer for fondet som seier noko om kven som kan søkje og til kva.
Nærare informasjon om næringsfonda kan du også få ved å ta kontakt med plan-og utvikingssjefen på tlf. 57885863 eller post@eid.kommune.no.
Søknad skal sendast Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, innan 24. mars 2010.