Bygging
Skal du rive, bygge eller utbetre bustad, bygge garasje, terrasse, fritidshus eller liknande? Under temaet Bygging finn du informasjon om korleis du skal gå fram, og kva reglar som gjeld. Du finn også informasjon om utsleppsløyve og graving i ureina grunn.
Eigedom
Er du eigar av ein eigedom eller har planar om å kjøpe ein, vil du ha trong for å kjenne til ei rekkje kommunale tenester.
Kjøp og sal
På sidene om kjøp og sal får du oversyn over kva kommunale og private bustad- og næringstomter som er til sals.
Bustønad frå Husbanken
Bustønad er ei statleg økonomisk stønadsordning for dei med høge buutgifter og låg inntekt. Ordninga blir administrert av Husbanken og kommunane. Krava til bustaden og husstanden må vere oppfylte. Deretter er det forholdet mellom inntekter og utgifter som avgjer om det blir gjeve bustønad. Les meir her.