Har du rett til tenester frå kommunen?
Dersom du eller den du er pårørande for meiner å ha rett til ei teneste, søkjer du på den aktuelle tenesta ved bruk av skjemaet "Søknad om tenester frå pleie og omsorg i Eid kommune"
Adresseliste over sakshandsamarar til dei aktuelle tenestene du søkjer om, finn du i søknadsskjemaet.
Heimetenestene (heimehjelp og heimsjukepleie)
Heimetenestene omfattar praktisk bistand som husvask, handling, vask av tøy. Dette er ei betalingsteneste.
Heimesjukepleie er hjelp til medikamenthandtering, sårstell, personleg hjelp og pleie. Dette er ei gratisteneste.
Sjå meir detaljar på omsorgstenester.
Vernepleietenesta yter også heimehjelpteneste.
Omsorgslønn
Omsorgslønn er heimla i "Lov om sosiale tjenester" § 4-2, punkt e, og vert ytt til personar som har eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.
Støttekontakt
Støttekontakttenesta er heimla i "Lov om sosiale tjenester" § 4-2, punkt c. Tenesta vert ytt til personar og familiar som har behov for støttekontakt på grunn av funksjonshemming, alder eller sosiale problem.
Dersom du ønskjer å søkje om støttekontakt brukar du skjemaet: "Søknad om tenester frå pleie og omsorg i Eid kommune"
Tryggleiksalarm
Heimetenestene organiserer tryggleiksalarmordninga. Alarmane er knytte til Alarmsentralen i Florø. Alle som ynskjer ordninga får tildelt alarm. Tenesta er ei betalingsteneste.
Matombringing
Heimetenesta organiserer ordninga. I praksis får alle som ønskjer det bringa middag heim til seg. Eid kommune samarbeider med Frivillegsentralen når det gjeld ombringing av mat. Tenesta er ei betalingsteneste.
Ønskjer du å vere støttekontakt? Søknadskjema finn du her.
Utfyllt skjema kan du levere Servicekontoret eller du kan sende det til Postmottak Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.
For deg som er støttekontakt: her finn du timelister.
Utfyllt skjema kan du levere Servicekontoret eller du kan sende det til Postmottak Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid.